Hopp til innhold

Vêret hindrar nødlossing

Regn og vind gjer det vanskeleg å tømme det havarerte skipet i Freifjorden for aluminiumsoksid.

Losseskip ved Federal Kivalina

Losseskip ved Federal Kivalina. Havaristen t.v. i bakgrunnen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Taubåtkompaniet i Trondheim har fått oppdraget med å berge skipet, og er klar til å tømme Federal Kivalina for både olje og last så snart vêret tillet det.

Oljelenser

Det er alt lagt ut oljelenser omkring Federal Kivalina, og ein båt er på veg for å pumpe ut oljen frå havaristen. Å leggje ut oljelenser er standardprosedyre, men vêrforholda i Freifjorden verkar ikkje for dårlege til å kunne pumpe ut olje. Kystvaktskipet KV Njord som ligg i nærleiken har også oljevernutstyr om bord.

Regnet hindrar lossinga

Litt lenger ut i fjorden ligg det to losseskip med gravemaskin som skal ta så mykje aluminiumsoksid ut av Federal Kivalina at skipet kan trekkjast av grunnen. Onsdag formiddag har det vore for mykje regn til at dette arbeidet kunne setjast i gang. Aluminiumsoksid toler ikkje vatn, heller ikkje regn. Lasten på 35 000 tonn er verdt 70 millionar kroner, så bergingsselskapet tek ikkje sjansen på at noko skal bli øydelagt. Dei ventar også på ein ekspert som skal vurdere når det er trygt å starte lossinga.

Ved Hydro Aluminium på Sunndalsøra foregår lossing av aluminiumsoksid i eit lukka system der det ikkje kan komme vatn i oksiden.

Inge Grøtting

Bergingsleiar Inge Grøtting

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Ligg trygt

Bergingsleiar Inge Grøtting i Taubåtkompaniet har tidlegare sagt at dersom lossinga kjem i gang onsdag morgon, kan arbeidet tidlegast vere ferdig fredag. No kan det altså komme til å ta lengre tid.

Dei bergingsansvarlege reknar med at det 200 meter lange lasteskipet ligg trygt og støtt på grunnen. Det ligg ein slepebåt på kvar side og sikrar havaristen, og KV Njord kan også plassere slepetau om bord dersom det trengst.

Politiet avhøyrde losen og medlemmer av besetninga i går og held fram med avhøyra i dag. Havarikommisjonen er også på plass. Førebels vil ikkje politiet seie noko om kva som kan ha skjedd på brua då Federal Kivalina rente på land på Årsundøya då det var på veg til Sunndalsøra måndag morgon.

Federal Kivalina på grunn

Federal Kivalina på grunn ved Årsundøya i Tingvoll.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL