Hopp til innhold

Losen var i telefonen

Losen skal ha vore oppteken med mobilen i minutta før "Federal Kivalina" gjekk på grunn.

Federal Kivalina på grunn
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiet er ikkje ferdig med etterforskinga, men etter det NRK kjenner til kan mobilbruk kan ha vore medvirkande årsak til at lasteskipet gjekk på grunn i Frei-fjorden 6.oktober.

Mannskapet er avhørt av både politiet og havarikommisjonen, utan at dei har kome fram til kvifor feilnavigeringa skjedde.

Feilnavigering var årsaken

Kapteinen vart sist fredag ilagt ei bot på 30.000 kroner for feilnavigering før han skipet "Federal Kivalina" til Polen for reparasjon.

Men korleis feilnavigeringa kunne skje vil verken havarikommisjonen, politiet eller kystverket seie noko om.