Hopp til innhold

Verdas vakraste

Verdas vakraste hund er kåra.

Verdas vakraste hund
Foto: Lisbeth Bugge

Fire år gamle Loke frå Molde er kåra til verdas vakraste hund i World Winner Show i Sverige.

Loke er av rasen Grand Danois, veg 80 kilo og er 98 centimeter høg.

Hundens fulle namn er noko så vanskeleg som Ladougerie Canadese Agalenthus, men til dagleg er det berre Loke, skriv Romsdals Budstikke.

Mange konkurrentar

Stolt matfar og matmor er Bjørn Stene og Lise Mahle Stene. Bjørn Stene fortel at Loke vann i konkurranse med 57 andre hannhundar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL