Fem kvinner og 27 menn frå inn- og utland konkurrerer no knivskarpt om å bli det raskaste mennesket i lufta. Men dei planlagde hoppa torsdag måtte utsetjast alle som eitt, på grunn av vind. Fredag prøvar dei igjen, og trass i verproblema er initiativtakar Paul Fortun godt fornøgd.
- Veret såg heilt forferdeleg ut også onsdag, med skodde langt ned i fjellet og regn, men midt på dagen fekk vi ei luke med klarver, og så blei det kjempeflott seier han. No kryssar han fingrane for at fredagen gir fint ver, slik at også 3. og 4. runde i World Base Race kan avviklast.
Les også:
Ventar 1000
Det er tredje året på rad World Base Race blir arrangert i Innfjorden i Rauma. Laurdag skal, etter planen, finalen gå, og Fortun trur mange vil kome og sjå på hopparane. Opningsdagen talde han rundt 250, laurdag ventar han fire gongar så mange.
- Vi ventar at 1 000 menneske skal sjå finalen, og det er vi fornøgd med. Dette er jo ein liten sport, seier Fortun.
18 sekund ned
Vel 18 sekund treng dei raskaste ned frå det 1066 meter høge Gridsetskolten. Då kastar dei seg utfor fjellet i ei spesialdrakt forma som ei flaggermus, og hiv ut fallskjermen sin i siste liten før dei når bakken.
- Etter dei to første rundane er Frode Johannessen frå Voss og Espen Fadnes frå Molde favorittar, seier Fortun. Fadnes leia første runde med tida 18.70, medan Frode Johannessen slo til med 18.56 på andre runde.
World Base Race blei første gongen arrangert for to år sidan. Då var 24 deltakarar. I fjor var 35 basehopparar med.
Sjå direkteinnslaget frå World Base Race i Innfjorden i Rauma på "Sommeråpent" på NRK1 klokka 21.30 torsdag kveld.
Her kan du sjå korleis det gjekk i fjor: