Hopp til innhold

Ventar revansjesugent Sandnes Ulf

– Sandnes Ulf er nok ute etter å revansjere seg, seier Molde-trenar Tor Ole Skullerud før dei møter rogalandslaget klokka 18.

Skullerud

MFK-trenar Tor Ole Skullerud ventar eit revansjesugent Sandnes Ulf søndag, men trur MFK tek sigeren heim.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I eit intervju med MFK Studio seier Skullerud at han er klar over at Sandnes Ulf kjem frå ei rekkje dårlege resultat, og at det kan slå begge vegar.

– Dårlege prestasjonar er ikkje nødvendigvis ein god inngang til kamp, men me veit me møter eit lag som jobbar hardt, seier MFK-trenaren.

Molde slo tidlegare i veka ut Surnadal i fyrste runde i cupen. Kampen enda 9-0 til eliteserielaget. Sandnes Ulf på si side fekk ein pinleg utgang frå cupen, med tap mot Sola.

Budde på motstand

– Eg reknar med dei er revansjesugne, og vil vise seg frå ei betre side, seier Daniel Berg Hestad.

Han fortel at laget er førebudd på at heimelaget kan prøve å ta dei på senga, men trur likevel det kan gå MFK sin veg.

– Dei er hartdarbeidande og gode kollektivt, seier han, og trur poenga blir med heim til Rosenes by om Molde berre kan halde ut dei fyrste 20 minutta av kampen.

Nummer to frå toppen mot nummer to frå botnen

Etter fire runder av årets eliteserie ligg Molde på andreplass, medan Sandnes Ulf ligg under streken, på nest siste plass.

Klokka 18.00 startar kampen mellom dei to. MFK-trenar Skullerud håper laget hans kan ta med seg poenga heim.

– Eg håper laget vårt får vist dei kvalitetane som skal til for å ta sigeren i dette oppgjeret, seier han til MFK Studio.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL