Hopp til innhold

Venta varsel om permittering

- Permitteringsvarslet kom ikkje som noka overrasking, seier hovudtillitsvald Bente Skarbø ved Hjellegjerde.

Hjellegjerde i Sykkylven

IKKJE OVERRASKA: Dei tilsette vart ikkje overraska då dei fekk permitteringsvarselet måndag.

Foto: NRK

I går sende møbelkonsernet ut permitteringsvarsel til alle dei tilsette.

LES MEIR: Permitteringsvarsel i Hjellegjerde

Møbelbransjen hardt råka

- Overraskinga var nok ikkje så stor. Det er no slik at ein har fulgt med frå dag til dag den siste tida, seier Skarbø.

Møbelbransjen er mellom dei som har fått merke den internasjonale økonomiuroa hardast i Noreg. Det er ikkje lenge sidan Ekornes la ned fabrikken på Stranda og kutta 180 årsverk.

LES MEIR: Ekornes legg ned på Stranda

Set pris på handlekraft

Skarbø er set pris på Hjellegjerde-leiinga si handlekraft.

- Det er rettare å gå inn og gjere eit tiltak enn å ikkje ha gjort noko.

- Kor sannsynleg er det at det vert oppseiingar no då?

- Det er vanskeleg å seie slik det er no. Det er så mykje me ikkje kan påverke, til dømes i forhold til ordrar.

Ifølgje leiinga vert det permitteringar dersom ikkje salet tar seg opp i løpet av eit par veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL