Leif Helge Kongshaug (Foto: Torbjørn Tandberg)
Dette vil styrke Venstre som eit borgarleg sentrumsalternativ fram mot valet til hausten, seier Kongshaug. Venstre hadde fylkesårsmøte i helga og har starta kampen om å vinne tilbake stortingsplassen som partiet mista for fire år sidan.
Inn og ut
Leif Helge Kongshaug har vore involvert i denne kampen to gongar tidlegare. I 1997 gjekk det hans veg, og Venstre fekk plass på Mørebenken etter mange år i skuggen. Fire år seinare miste Kongshaug plassen igjen etter ein svært jamn duell med Senterpartiet og Eli Sollied Øveraas. I staden blei han statssekretær i Landbruksdepartementet. No er Kongshaug tilbake i manesjen.
Trongare om plassen
Men Mørebenken har skrumpa inn til ni representantar, og det niande mandatet er eit utjamningsmandat som svever i det usikre. Det gjer at nålauget blir trongare, og skal Venstre lukte på eit stortingsmandat, må partiet oppnå godt over sju prosent ved valet til hausten.
Fordel å vere nordmøring
For nordmøringen Kongshaug kan det slå fordelaktig ut at fleire av partia har toppa lista med politikarar frå Romsdal og Sunnmøre. Utanom Venstre er det berre Arbeidarpartiet som ser ut til å ende med ein nordmørspolitikar på topp.
Valet til hausten blir truleg eit regjeringsval, men det er ein fordel, meiner Kongshaug.