Vemøy sluttar som distriktsredaktør

Hallstein Vemøy sluttar som distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal etter 13 år i stillinga. Han skal i løpet av hausten jobbe med utviklingsprosjekt for NRK-avdelingane i Midt-Noreg og for Distriktsdivisjonen i NRK. – Hallstein er ein dyktig leiar som har stått i bresjen for utvikling og kvalitet gjennom mange år. Det siste året har kontoret under hans leiing løfta det digitale nyheitsoppdraget på ein imponerande måte. NRK Møre og Romsdal var viktig for gjennomføringa av det store dugnadsprosjektet i NRK i vår, der heile landet blei med i ein stor ryddeaksjon. Vemøy har både i dette prosjektet og andre tatt initiativ til samarbeid på tvers mellom avdelingar i NRK eller mellom NRK og dei andre mediehusa i Møre og Romsdal. Eg kjem til å sakne han i leiargruppa mi, men det er lov å gi seg på topp, seier regionredaktør Sigrid Gjellan. Stillinga som ny distriktsredaktør blir utlyst med det første.

Hallstein Vemøy
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK