Det seier politistasjonssjef Per Karsten Røv.
Men fleire vegar blir stengde delar av dagen, og årsaka er at beredskapen må vere høg i samband med besøket.
Røv meiner likevel at vegstengingane ikkje skal føre til store problem.
I tillegg til vegstengingar blir det også demonstrasjonar onsdag.
Og vel ti organisasjonar og politiske parti blir med på demonstrasjonar mot Ariel Sharon.
Både LO, AUF, SV, RV og Norsk Folkehjelp er mellom dei som kjem til å demonstrere.
Parolar blir tildømes Ja til jazz - nei til Sharon, og Israel ut av Gaza og Vestbredden.
Arrangørane tør ikkje spå kor mange demonstrantar det blir.