Vedgjekk faktiske forhold

Mannen i 30-åra som er tiltalt for grov kroppsskade med døden til følge, vedgjekk å ha utført handlingane som står i tiltalen, då saka mot han starta i Sunnmøre tingrett i dag.

Ei kvinne i 70-åra døydde og mannen hennar blei alvorleg skadd.

Adoptivsonen deira er tiltalt for å i psykotisk tilstand ha gjort ei elles straffbar handling. Statsadvokaten har varsla at det blir lagt ned påstand om overføring til tvunge psykisk helsevern.