Hopp til innhold

Varslar om enormt tidspress - krev at kommunen handlar raskt

Mange av dei tilsette i heimetenesten i Ålesund kommune er så slitne at dei ikkje lenger maktar presset. Arbeidstilsynet påpeika forholda alllereie for snart to år sidan.

Pleie av eldre

Mange av dei som skal ta seg av eldre og sjuke i Ålesund er sjølve så slitne, at dei ser som om etter anna arbeid.

Foto: colourbox.com

Arbeidstilsynet ropar no varsko om forholda blant dei som arbeider i heimane til eldre og sjuke i indre bydel i Ålesund. Fleire klagar på vond rygg, muskelsmerter og stress, i tillegg til fortviling, kjensla av å ikkje strekkje til og dårleg samvit.

– Vi syns det er betenkekeleg at ein har såpass store belastningar i delar av helsetenesten, seier saksbehandlar Torkell Norheim.

Seier dei fleste står bak

Torkell Norheim, Arbeidstilsynet

Saksbehandlar Torkell Norheim i Arbeidstilsynet seier saka i indre bydel i Ålesund er uvanleg.

Foto: Aina Rødal

I brevet til kommunen skriv Norheim at det er viktig å vere klar over at frustrasjonen omfattar langt fleire enn dei som har skrive avviksmeldingar, og omfattar dei fleste arbeidstakarane i større eller mindre grad.

– Mange gir uttrykk for at dei ikkje lenger maktar presset, og ser seg om etter anna arbeid, står det i brevet frå Arbeidstilsynet.

Dei tilsette varsla sjølv Arbeidstilsynet

Ståle Evald Ræstad

Hovudtillitsvald for sjukepleiarane i Ålesund kommune, Ståle Evald Ræstad, seier dei sjølve varsla Arbeidstilsynet om forholda.

Foto: Privat

Ståle Evald Ræstad, som er hovudtillitsvald for sjukepleiarane i Ålesund, seier dei har klaga til kommunen gjentekne gongar over situasjonen. Då dei ikkje opplevde at dei hjalp, varsla dei sjølve Arbeidstilsynet om forholda.

Heimetenesten har over mange år slite med at arbeidsmengda aukar sjølv om talet på tilsette ikkje gjer det. Dei tilsette opplever at det blir stilt fleire krav til dei, seier Ræstad.

– Uvanleg sak

Allereie i juni 2013 kom det fram at mangel på leiarar har ført til sjukefråver mellom dei tilsette i heimetenesta i Ålesund. Etter det har det ifølgje rapporten frå Arbeidstilsynet berre blitt verre. Norheim seier saka ikkje er eineståande, men likevel uvanleg.

– Det er sjelden at vi ser såpass store konsekvensar av ubalanse mellom arbeidsmengde og ressursar, seier han.

Åtte dagar på seg til å svare

I eit brev blir no kommunen pålagt å iverksetje tiltak for å redusere risikoforholda i heimetenesten. Før 31. mars må kommunen svare på kva dei har gjort og vil gjere.

Verksemdleiar Reidun Drabløs seier dei no har fått tilført omlag fire nye årsverk. Ho seier utbygging av tilpassa bustader har skjedd fortare enn dei har fått nye ressursar, og at det er hovudårsaka til problema.

Vi håper no at vi skal unngå at dette skjer igjen, seier Drabløs.