Varebil kom over i feil felt

Årsaka til trafikkuhellet ved Engesetdalsvatnet i Ålesund måndag ettermiddag skal ifølgje opplysningar politiet har fått på staden vere at varebilen kom over i feil køyrefelt og køyrde inn i ein lastebil. NRK melde først at det ifølgje Møre og Romsdal 110-sentral var lastebilen som køyrde inn i sida på varebilen.