Hopp til innhold

Vardebrenning mot vindturbinar

Aksjonsgruppa Stopp rasering av kysten brann vardar mot bygging av vindtkraftanlegg nær land.

vardebrenning

150 personer møtte opp til vardebrenning på Vigra i Giske kommune.

Foto: privat

Det blei brent vardar ti stader langs kysten av Møre og Romsdal skjærtorsdag.

– Vindturbinar vil vi ikkje ha opp i fjøresteinane. Fem mil ut i havet er greit, men ikkje nær land. Det er det vi aksjonerer mot, seier Toril Molnes som er nestleiar i organisasjonen Stopp rasering av kysten.

Frå Agder til Troms

Skjærtorsdag var det vardebrenning mot vindturbinutbygging langs heile kysten frå Agder-fylka til Troms. 24 lokale grupper i ni fylke organiserte aksjonen.

I Trøndelag brenn det vardar på Flatanger, Hitra og Frøya.

Les også:

Fornøgd med oppmøtet

På Molnefjellet på Vigra i Giske var det 150 personar som tok del i markeringa.

– Eg er godt fornøgd med oppmøtet, sidan det er påske og at det ikkje har vore noko særleg med annonsering, seier Molnes.

Fleire saker om vindkraft:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL