Hopp til innhold

Stor rasfare og krevjande køyreforhold

Snøfall skapar problem fleire stadar i fylket. Køyr etter forholda er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen. På Ørskogfjellet blir det meldt om kaotiske tilstandar.

Ørskogfjelet 040215

Det er svært vanskelege køyreforhold fleire stadar i dag. På Ørskogfjellet er det fleire vogntog som har problem.

Foto: Ole Anton Brekke

På E39 i Møre og Romsdal står det fleire vogntog fast på begge sider av Ørskogfjellet, og trafikantar melder om kaotiske tilstandar.

Ørskogfjellet 040216

Bilar og vogntog står i vegbana fleire stadar over Ørskogfjellet.

Foto: Ole Anton Brekke

– Det er mellom 5–10 vogntog som slit med å kome seg over Ørskogfjellet. Mange av dei slit med å stoppe for å ha på kjettingar, fortel bilist Ole Anton Brekke til NRK.

Han fortel at det er svært krevjande føre på staden og at trafikken går sakte over Ørskogfjellet.

– Eg har køyrt mykje bil, men føret i dag er heilt spesielt. Det er veldig sleipt, men det ser ikkje slik ut, seier Brekke.

Ein annan trafikant fortel om det same.

– Det er rett og slett livsfarleg å køyre der i dag. Det er speilblankt og nesten umogleg å stoppe. Det står trailera fleire stadar og det er mykje trafikk, noko som fører til trafikkfarlege situasjonar, seier Gunn Elisabeth Aarønes

Fleire vogntog av vegen

Og det er ikkje berre på Ørskogfjellet det er vanskelege køyreforhold.

Flere måtte legge på kjetting på Ørskogfjellet torsdag formiddag

Fleire måtte legge på kjetting på Ørskogfjellet torsdag formiddag.

Foto: Anders Kvemo

På E136 i Romsdalen har eit vogntog køyrt av vegen like øst for Marstein i Rauma. Vogntoget sperrer deler av vegen, men det er svært trongt og vanskelege for større køyretøy å passere, ifølge tips. Politiet er på staden.

Fylkesveg 313 i Møre og Romsdal er rydda ved Hoås i Sunndal etter bilberging, melder Statens vegvesen.

– Køyr etter forholda

Vegtrafikksentralen kan melde om utfordrande køyreforhold fleire stadar i fylket.

Ørskogfjellet

Det er svært vanskelege køyreforhold over Ørskogfjellet.

Foto: Ole Anton Brekke

– Det er både snødekke, slappsføre og glatt vegbane som skapar problem for bilistane i dag.

Dei oppmodar bilistane om å køyre etter forholda.

– Det er svært vekslande føre. Nokre plassar er det heilt bart, medan det er glatt vegbane andre stadar. Det er nok lurt å ta det roleg på vegen både i dag og i morgon, seier operasjonsleiar ved Vegtrafikksentralen.

Stengt på grunn av rasfare

Både fylkesveg 655 i Norangsdalen og fylkesveg 651 mellom Høydalsneset og Bjørneset på sørsida av Austefjorden i Volda er stengt på grunn av fare for ras.

På fylkesveg 63 er vegen stengt ved Grønning mellom Valldal og Trollstigen på grunn av snø- og isras. Det er lokal omkøyring, ifølgje Statens vegvesen.

I tillegg er fylkesveg 191 ved Eikesdalen på strekningen Finnsetbrua – Sira stengt på grunn av fare for snøras. Denne vegen blir ikkje opna igjen i dag, det melder Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL