– Eg låg og sov. Eg vakna av ei kraftig brumming. Det varte i om lag 10 sekund, seier Ottar-Jan Løvoll på Eidså i Vanylven til NRK Møre og Romsdal.
Han stod straks opp, noterte seg tidspunktet, og sjekka at fjella stod.
Løvoll er politikar i Vanylven, og har opplevd små politiske jordskjelv. Men dette var noko nytt.
Ingen registreringar
Søndag formiddag var det ingen registreringar på jordskjelv.no. Utpå ettermiddagen kom ei melding om eit jordskjelv i Norskehavet. Styrkegrad: 2,08 på Richters skala.
Ottar-Jan Løvoll la ut melding på facebookprofilen sin. Og kommentarane er mange. Det er opp mot tretti personar som skriv at dei har opplevd det same. Mange trudde det var ras eller jordskjelv.
Trudde det var Åkneset
Nokre skriv at det var eit rabalder. Nokre fortel at hunden byrja å bjeffe. Andre trudde det var Åknesremna som kom.
Dei fleste kommentarane er frå Vanylven, men ein som bur på Dimna, sørvest for Ulsteinvik, skriv at han høyrde det godt også der.
På NRK Møre og Romsdal si facebookside skriv folk at det høyrtest godt i Volda og Ørsta også.