Hopp til innhold

Kan ha tetta ferjedo for å sabotere

Søndag vart MF Ullensvang tatt ut av ferjesambandet Hareid–Sulesund på grunn av eit tett toalett. No viser det seg at ein skapnøkkel pakka inn i ei vaskefille var årsaka.

MF "Ullensvang" mellom Halhjem og Sandvikvåg

ARKIVFOTO: MF Ullensvang kan ha blitt utsett for sabotasje etter at ei fille med ein skapnøkkel vart funne i eit av toaletta.

Foto: Lars Johan Storækre

Like før klokka 16 søndag melde Norled at B-ruta på ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund vart kansellert. Årsaka var eit tett toalett.

B-ruta innstilt på grunn av tette do

Søndag vart Ullensvang tatt ut av drift.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi køyrde ferja med tett toalett nokre avgangar, men vi måtte ta ferja ut av drift for å få dette reparert, seier regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker.

Ein tømmebil vart sett inn for å ordne opp i problemet, og no viser det seg at det heile kan skuldast sabotasje.

– Under tømming fann dei ein skapnøkkel pakka inn i ei fille, som på ein eller anna måte hadde kome seg ned i toalettet og tetta systemet. Vi veit ikkje korleis dette har skjedd, men det er vanskeleg for meg å forstå at det har skjedd med eit uhell, seier Utåker.

Kan ikkje sjå bort frå sabotasje

Utåker ser ikkje bort frå at det kan vere snakk om sabotasje.

Inge Andre Utåker

Regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker, synest det er trist dersom nokon bevisst har valt å tette toalettet på MF Ullensvang.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi hadde eit liknande problem på ei ferje i Sogn og Fjordane, der vi opplevde at toaletta på ferjene vart tetta minst tre gongar med overlegg. Vi hadde ikkje trudd at det kunne skje, men det gjorde det, og det er ein viss sjanse for at det har skjedd igjen, seier han.

MF Ullensvang har fått rykte på seg for å vere ei problemferje, og skaper stor frustrasjon både hos næringslivet og blant dei reisande på strekninga. To gonger har den køyrt rett inn i ferjekaia, og ved fleire anledningar har ferja vore ute av drift som følgje av tekniske problem.

Problema har vore mange, og klagene like så. No kan det sjå ut som om nokon har tatt saka i eigne hender.

– Denne gongen var det ikkje «nok» eit problem med Ullensvang, for dette hadde ikkje noko med ferja å gjere. Vi kan sjølvsagt berre spekulere, og eg skulle ønske eg kunne sjå bort frå sabotasje, men det kan eg ikkje. Vi må halde alle moglegheitene opne, seier Utåker.

Regionleiaren i Norled synest det er leit dersom nokon bevisst har valt å tette toaletta på Ullensvang.

– I så fall er det direkte hærverk, men dei det går mest utover, er jo dei reisande på strekninga, seier Utåker.