Hopp til innhold

Uvanlege besøksvennar spreia glede i Molde

Eldre og sjuke som bur på institusjon set stor pris på å få besøk no i dagane før jul.
Men litt uvanleg og uvant er det vel at dei besøkande er to sauar som heiter Tor og Odin.

Tor og Odin

Dei to tamme sauane Tor og Odin spreidde mykje glede då dei besøkte Glomstua omsorgssenter i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sauene Tor og Odin er med matfar Stig Vesteraa i Molde overalt. Han har trent dei så godt ved Holmarka besøksgard, at dei to sauene ofte oppfører seg som hundar.

Tor og Odin

Sauane Tor og Odin er tamme og oppfører seg som hundar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Denne jula er dei i følgje med matfar og spreiar glede som besøksvennar for eldre ved Glomstua omsorgssenter i Molde. Med seg på laget har dei også ponnien Datti. Mange har kanskje høyrd om kattar og hundar som er besøksvennar for eldre. Sauar er det derimot ikkje like mange av.

– Eg veit ikkje om det er så mange som har besøkssauar, men vi har i alle fall to, seier Stig Vesteraa lattermild.

Spreiar glede

Møtet med dei eldre på Glomstua blir spesielt. Det er ikkje ofte bebuarane får ha kontakt med dyr lengre og dei set stor pris på besøket frå dei firbeinte besøksvennane. Odin og Tor viser seg fram frå si beste side og helser pent på bebuarane.

Gunnhild Finnøy

Gunnhild Finnøy synest det var gøy å få møte dei to tamme sauane.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det var veldig artig. Det er lenge sidan eg har hatt kontakt med dyr, han løfta opp labben og helsa fint, seier bebuar Gunnhild Finnøy og smiler.

Og dei to hovudpersonane, Tor og Odin, trivst godt i rampelyset.

– Ja, dei stortrivst. Dei kosar seg når dei er midtpunkt, seier Vesteraa.

– Det betyr mykje

Inne på omsorgssenteret var det også duka for julemarknad, med mange freistande godbitar, noko Tor og Odin også sjølvsagt også ville vere med på.

Tor og Odin

Det var mykje som freista Tor og Odin på julemarknaden.

Foto: Roar Strøm / NRK
Tor og Odin Bbesøker omsorgssenter i Molde

Aase Heggdal har mista språket, men ektemannen Idar er sikker på at ho sett stor pris på besøket.

Foto: Roar Strøm / NRK

Aase Heggdal har mista språket, men ektemannen er sikker på at ho set stor pris på besøket.

– Ja, dette likar ho godt, ho er veldig glad i dyr og eg trur dette betyr veldig mykje for ho, seier Idar Heggdal.

Og sjølv om dei to tamme sauane var både høgt og lågt og forsynte seg godt av både peparkakene og plantane utanfor omsorgssenteret, var dei firbeinte velkomne tilbake når som helst.

– Det er sjeldan at vi får slike besøk, så det er veldig kjekt at dei eldre får møte desse dyra, seier Edit Jenset, som er kontorleiar ved Glomstua omsorgssenter.

Liv Sølverød, dugnadsleiar ved Holmarka besøksgard der dei to sauane bur til vanleg, var fornøgd med besøket.

– Vi synest det er gøy at både barn, vakse og eldre får møte desse dyra, og får kontakt med dei. Dei er veldig godt oppdratt, men det er første gong dei har vore på julebasar, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL