Hopp til innhold

Utsliten del førte til motorstopp på MS «Kong Harald»

Med berre ein fungerande hovudmotor gjekk MS «Kong Harald» over det frykta havstykket Hustadvika. Ein utsliten del på drivstoffsystemet førte til motorstopp, då miste skipet all framdrift, og dreiv mot land i sterk vind.

Hurtigrute-skipet Kong Harald til kai i Molde.

MS «Kong Harald» har utbetra motorfeila og fekk løyve til å gå frå Molde onsdag ettermiddag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Då skipet gjekk frå kai i Kristiansund tysdag kveld var babord motor tatt ut av drift på grunn av ein reparasjon.

På veg over Hustadvika på Romsdalskysten stoppa den andre motoren, og dermed var skipet heilt utan framdrift.

Ein utsliten lenkearm i drivstoffsystemet var årsaka til motorstoppen.

Sjøfartsdirektoratet etterlyser no svar på kvifor den utslitne delen ikkje var skifta. I tillegg spør dei kva risikovurderingar som blei gjort då båten gjekk frå Kristiansund med berre ein av dei to hovudmotorane i drift.

Kong Harald. Framfor ser vi KL Saltfjord

MS «Kong Harald» og KL «Salfjord» utanfor Bud tysdag kveld.

Foto: Argo jr

Kaptein på MS «Kong Harald», Asbjørn Dalan, seier det ikkje er uvanleg å gå i slikt vêr med berre ein hovudmotor i drift. Han meiner situasjonen var langt ifrå så dramatisk som med «Viking Sky».

– Hadde det vore i dag, så hadde eg sikkert gjort det same igjen. Vi stoppar ikkje på grunn av stiv kuling. «Viking Sky» hadde heilt andre vêrforhold, då var det storm, seier Dalan.

Asbjørn Dala, kaptein MS Kong Harald.

Asbjørn Dalan er kaptein MS «Kong Harald».

Foto: ROAR STRØM / NRK

Fekk skipet opp mot vinden

Medan det var stopp i begge hovudmotorane, nytta mannskapet ein nedsenkbar propell. Den sikra eit minimum av framdrift. Slik kom skipet seg inn på grunnare vatn, og fekk ankra opp.

– Ein får litt ståpels og tenkjer på kva moglegheiter vi har. Med den nedsenkbare propellen klarte vi å halde skipet opp mot vinden, seier Dalan.

Sjølv om skipet berre var nokre hundre meter frå land, meiner kapteinen at dei hadde god kontroll på situasjonen.

– Samarbeidet med redningsetatane fungerte godt. Vi var langt ifrå å vurdere evakuering, seier han.

Tilbake i rutedrift

Delen som var utsliten, er no skifta på begge motorane.

Dalan meiner dei har gode rutinar for vedlikehald. Han forklarer at vedlikehaldet på slike delar skjer medan motoren står i ro.

– Då er slitasje på ei slik lenkearm vanskeleg å oppdage, seier han.

Skipet har no seglingsløyve til å gå inn i normal drift, og har segla frå Molde i retning Ålesund.

MS Kong Harald på veg frå kai i Molde.

MS «Kong Harald» på veg frå kai i Molde.

Foto: ROAR STRØM / NRK

– Viktig å lære av det

Sjøfartsdirektoratet kjem no til å følgje opp hendinga, og gå igjennom vedlikehaldsrutinane saman med Hurtigruten.

Fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad, seier det er fullt lovleg å segle med berre ein hovudmotor. Hendinga vil ikkje føre til reaksjonar mot reiarlaget.

Han peikar på sikkerheitssystema er laga for å fange opp slike ting som utslitne delar.

– Men det er mange komponentar på ein båt, og feil kan skje. Då er det viktig å ta ein gjennomgang, slik at ein kan lære av hendinga, og gjere systema betre, seier Alvestad.

Lars Alvestad, fungerende direktør i Sjøfartsdirektoratet

Lars Alvestad er fungerande direktør i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Jan Kåre Ness