Hopp til innhold

Utsleppsløyve milepæl for gasskraftverk

- Utsleppsløyvet er ein milepæl, seier styreleiaren.

IKKJE BRUK DETTE BILDET - DET ER MASSE FEIL I DET
Foto: Illustrasjon: Industrikraft Møre

Men bygginga kjem ikkje i gang endå.

Utsleppsløyve

Før helga fekk gasskraftverket i Fræna utsleppsløyve frå Miljøverndepartementet dersom anlegget blir bygd med CO2-reinsing. Konsesjonsbehandlinga ligg framleis i Olje- og Energidepartementet, og styreleiar Sverre Devold seier det kan ta tid før bygginga kjem i gang.

Video nsps_upload_2009_5_18_11_42_59_968.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Milepæl

- Dette er ein nødvendig milepæl for å få realisert gasskraftverk i Møre og Romsdal. Utsleppsløyvet var viktig for oss å få, og vi registrerer at departementet har stilt krav om CO2-reinsing, seier styreleiar Sverre Devold.

Reinsing ikkje i søknaden

Industrikraft Møre innarbeidde ikkje Co2-reinsing i søknaden om konsesjon.

- Dette var ein umoden teknologi då vi søkte. Vi visste lite om kostnader og omfang av ei slik utbygging, så vi søkte opphavleg om eit gasskraftverk som er klargjordt for CO2-reinsing, seier Devold. Signala i ettertid har vore slik at CO2-reinsing vert eit krav frå starten av. I ankesaka har vi haatt som føresetnad at gasskraftverket skal ha CO2-reinsing frå det blir teke i bruk, seier han.

Tek tid

Konsesjonsbehandlinga er ikkje ferdig enno. Det kjem dermed til å ta tid før gasskraftverket kan vere på plass. Styreleiar Sverre Devold trur det vil ta mellom tre og fem år før gasskraftverket kan takast i bruk. - Konsesjonen kjem nok relativt raskt. Men utviklinga på sokkelen og utviklinga av CO2-behandlinga, og på kva måte styresmaktene er med på utviklinga av dette, vil vere viktig for kor raskt gasskraftervket kan realiserast, seier Sverre Devold.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.