Hopp til innhold

Hareid-kvinne utsett for svindelforsøk

Kvinna melde frå til politiet då ho fekk epost med link til ei nettside som likna veldig på Skatteetaten si.

Falsk skattekort-epost

Denne eposten har blitt sendt ut til norske mottakarar sidan jul.

Foto: Skatteetaten

Dette er eit svindelforsøk og har ikkje tilknyting til Skatteetaten, opplyser Sunnmøre politidistrikt. I eposten vert kvinna nemleg oppfordra til å gje frå seg kontoopplysningar som kan brukast til å tappe kontoen.

– I eposten var dei link som går til ei nettside som ser veldig tilforlateleg ut. Ho ante likevel at noko var gale, og fylte ikkje ut noko av informasjonen, seier operasjonsleiar Borge Amdam.

– Bør tipse politiet

Operasjonsleiaren oppmodar folk som tek imot liknande epostar om å ikkje gje frå seg sensitive opplysningar.

– Dei som allereie har gjort det, bør sperre kontoen sin og troppe opp på næraste lensmannskontor, seier han.

Også dei som ikkje har gått på limpinnen, står fritt til å melde ifrå.

– Hareidskvinna melde saka til politiet sjølv om ho ikkje sjølv vart direkte råka. Det gjorde ho slik at vi kan etterforske forholdet og få meir kunnskap om kven og kva som står bak, seier Amdam.

I løpet av dei siste månadane har fleire nordmenn motteke epost som ser ut som han kjem frå Skatteetaten. I eposten får ein opplyst at ein har rett på skatterefusjon, og at ein kan få dette utbetalt om ein gir frå seg ei rekkje sensitive opplysingar.

– Ingen latt seg lure

– Vi har ikkje høyrt om at nokon har latt seg lure, sa kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke til NRK i januar, men la til at folk bør vere vaktsame.

–Skatteetaten vil aldri be om kredittkortnummer eller bankkortnummer på e-post, opplyste ho.

Dersom ein i vanvare har opna vedlegget i e-posten rår Skatteetaten folk til å køyre eit oppdatert antivirusprogram på datamaskina.

Skatteetaten opplyser elles om at all informasjon frå dei går via Altinn.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL