Hopp til innhold

Utdanningsforbundet: - Stadig færre lærarar i grunnskulen

Talet på lærarar i grunnskulen har gått ned, trass i lovnader og løyvingar på rundt ein milliard kroner til føremålet. Det hevdar Utdanningsforbundet, som ønskjer ei nasjonal norm for kor mange elevar det skal vere per lærar.

28975945

Utdanningsforbundet ønskjer fleire lærarar, og dermed færre elevar per lærar.

Foto: Frank May / NTB scanpix

I Møre og Romsdal er Volda, Kristiansund og Molde mellom dei som har mist lærarårsverk dei siste åra. Ei oversikt frå Utdanningsforbundet viser at mellom anna Volda har mist ni lærarårsverk på barnetrinnet og Kristiansund har mist seks årsverk.

No kjempar Utdanningsforbundet for ein nasjonal norm for kor mange elevar det skal vere i kvar klasse.

– Når klassene blir for store er det særleg dei svakaste elevane som blir ramma. Dei som strevar i grunnskulen greier gjerne ikkje å fullføre vidaregåande, seier nestleiar Ina Enoksen i Utdanningsforbundet.

Ina Margrethe Enoksen

Ifølge Ina Enoksen har fleire kommunar mist fleire lærarårsverk dei siste åra.

Foto: Privat

12 prosent av lærarane i landet fortel at dei underviser i klasser med meir enn 30 elevar. Kvar femte lærar seier at dei har over 28 elevar. Det viser ei oversikt frå forbundet.

– Lærarane må kunne sjå den enkelte elev og tilrette legge undervisninga, seier Enoksen.

Utdanningsforbundet meiner løysinga er eit maksantal på 15 elevar i 1.-4.klasse og 20 elevar frå 5.klasse og oppover. Dette krev fleire lærarar enn i dag.

Pengar frå regjeringa

Rett nok har regjeringa løyvd ein milliard kroner for å få fleire lærarar, slik at det kan bli færre elevar i kvar klasse og per lærar.

– Likevel har utviklinga gått feil og skilnadene rundt om i landet er store, seier Møre og Romsdal SV sin listetopp, Yvonne Wold.

Ho trur noko av grunnen er at det ikkje er ei lærarnorm regjeringa har gått inn for. Difor kjem pengane til kommunane og ikkje til skulane.

– Dermed er ikkje skulane garanterte at pengane til fleire lærarar kjem, slik intensjonen til regjeringa var, seier Wold. Ofte druknar dette i andre økonomiske behov i kommunane.

Nesten 100 fleire med ei norm

Yvonne Wold

Yvonne Wold og SV har ikkje gitt opp håpet om ein lærarnorm.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti har nyleg foreslått ei minstenorm for lærarar. Den ville gitt 99 fleire stillingar i Møre og Romsdal. Men forslaget blei nedstemt i i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.

– Vi held likevel fram kampen, og har dette som kampsak framfor stortingsvalet, seier Wold.

Ho ønskjer ei dobling av den satsinga regjeringa allereie har gjort. Og sjølv om det er mykje pengar, meiner Enoksen i Utdanningsforbundet at rekninga kan bli mykje høgare om det ikkje blir satsa.

– I det lange løp så sparer ein då både på spesialundervisning og ein får redusert fråfallet i den vidaregåande skulen, seier Enoksen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL