Hopp til innhold

Utdannar barnehageassistentar

Sande kommune tilbyr assistentane i barnehagane å ta deltidsutdanning. Målet er å få fleire kvalifiserte førskulelærarar.

barnehage
Foto: Åsmund Hasli / NRK

Sande kommune er ei av mange kommunar som slit med å få førskulelærarar i barnehagen. Dei ønsker å finne ei løysing på problemet.

 - Vi prøver å oppfordre assistentar i barnehagen til å ta deltidsutdanning, seier barnehagekontakt Elin Muren Rokstad.

Få søkjarar 

Av 10 pedagogiske stillingar i Sande har fire dispensasjon frå utdanningskravet. Kommunen opplever at det er vanskeleg å få søkjarar i det heile tatt. For å lokke pedagogane til kommunen, har Sande heva lønsnivået slik at førskulelærarane skal tene det same som lærarane.

Muren Rokstad seier at dei no arbeider for å lage støtteordningar til assistentar som ynskjer å ta utdanning.

- Vi jobbar med å få til stipendordningar og permisjon med løn. Vi sit og reknar litt på det for å sjå kva vi får til, seier ho.

Kommunane må legge til rette

Gerd Sylvi Steinnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda meiner det er ein god idé å vidareutdanne assistentar som allereie finst i barnehagen. Ho meiner kommunen bør legge til rette for dette.

- Kommunane sitt ansvar vil vere å støtte assistentar som dei alt har tilsett i barnehagar. Støtte dei praktisk og økonomisk til å gjennomføre deltidsutdanninga.

Ann Kristin Frafjord ved Helland barnehage i Vestnes jobba som assistent i sju-åtte år før ho tok førskulelærarutdanning på deltid.

- Eg har jobba i barnehage i fleire år som assistent og følte at eg hadde behov for ny kunnskap, nye utfordringar og nye oppgåver.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL