Grytten feirar jul i Thailand, då ho oppdaga flodbølga på veg inn over land. - Eg skulle til å ete frokost, og då eg skulle setje meg ved bordet kom to av dei andre i følgjet mitt springande. Alt vi rakk var berre å kaste frå oss matfata og springe, og då såg eg flodbølgja kome, fortel Grytten.
Såg døden i augene
- Eg tenkte at no såg eg døden i augene. Men eg rakk ikkje å tenke så mykje. Eg måtte berre springe. Det var heilt uverkeleg, eg kunne ikkje fatte det. Eg var ganske skjelven.
Øydeleggingane i Phuket. Foto: Scanpix/Reuters/Luis Enrique Ascui.
Informasjon
- No er eg blitt roleg igjen. I natt har eg prøvd å få sove, men nokre seier det skal kome ei ny flodbølgje, men her er lite skikkeleg informasjon så vi må berre stole på at alt er greit no.
Ho etterlyser meir informasjon om katastrofen, og seier at ho må ringe heim for å få vite kva som har skjedd.
Heim
Lise Grytten veit førebels ikkje når det er mogleg å kome seg heim att. - Dette er den verste dagen eg har hatt i heile mitt liv, seier ho. Det er ikkje kjekt å gå ned att på stranda no, det er vanskeleg. Det skal bli godt å kome heim att, seier Lise Grytten til NRK Møre og Romsdal.