Hopp til innhold

Uroa for rådyra

Viltnemnda i Aukra er uroa for dyrevelferden til rådyra som er innesperra på Nyhamna-området. Det skal vere rundt 20 dyr inne på området. I fleire år har viltnemnda prøvd å få Shell til og fjerne dyra uten at dette har vorte gjort. Kitty Eide i Shell seier til NRK at at dei har leigd jegerar som skal ta ut dyra, men at dei på grunn av tryggleiksomsyn med høg aktivitet på anlegget, har teke ein pause i fellingsarbeidet.

Gjerder rundt Ormen Lange
Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL