Unge entreprenørar frå NTNU Ålesund til topps i Europa
Studentbedrifta MMEDS frå NTNU i Ålesund blei torsdag tildelt «UniCredit Future Award 2022» under EM for studentbedrifter i Tallinn i Estland.
Det skriv Ungt Entreprenørskap Norge i ei pressemelding.
MMEDS fekk prisen for sitt arbeid med å produsere kollagenpulver av restråstoff frå kvitfisk.
Studentbedrifta består av Sara Feruglio, Eva Audunsdottir og Mari Hegvik. Dei studerer biologi og marknadsføring ved NTNU i Ålesund.
Meisterskapen vart heldt i regi av Ungt Entreprenørskap og JA Europe.