Hopp til innhold

Ungdommen vel by framfor bygd

Den omfattande sentraliseringa held fram i Møre og Romsdal.

Ole Helge Haugen

Fylkesplansjef Ole Helge Haugen seier dei bynære områda som held fram å vekse.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Det viser den oppdaterte kommunestatikken som Møre og Romsdal fylkeskommune no legg fram før årsskiftet.

Fylkesplansjef Ole Helge Haugen har i kommunestatistikken ein klar dokumentasjon på sentraliseringa.

– Det er dei bynære område som veks, og det er kyst kontra innland, seier Haugen.

LES OGSÅ: Fråflytting eit stort problem

God kunnskap om kommunane

Kommunestatistikken gir oppdatert detaljkunnskap om utviklinga i kvar enkelt kommune i fylket og dokumenterer og at ungdommen vel dei sentrale vekstområda i og rundt byane i fylket.

– Befolkningsamansettinga er forskjellig, det er langt fleire unge i vekstområda, seier Haugen.

Dette er ei stor utfordring for mange kommunar.

– Det er mange som slit med å snu denne utviklinga, og fødselsoverskota er lave og av og til i minus, seier Haugen.

Jobb er viktigast

Ålesund

Ålesund er ein av byane i Møre og Romsdal ungdommen flyttar til.

Foto: Terje Reite / NRK

Moglegheitene for jobb er den kanskje viktigaste forklaringa til sentraliseringa, går det fram av statistikkane.

– Arbeidsplassar er det som blir først sentralisert, og så følgjer folk etter, seier Haugen.

LES OGSÅ: Slik unngår du hjemlengsel

For kommunane blir denne statistikken eit viktig reiskap i planlegginga.

– Vi ser ein stor etterspurnad frå kommunane sjølv for å ha ei kjapp oversikt over tilstanden i eigen kommune. Det går på planlegging, seier Haugen.

Bustadbygging

Møre og Romsdal fylkeskommune har statistikk over mykje. Bustadbygging er noko av det. Då kan ein sjå 10 år tilbake kor stor bustadbygginga har vore.

– Dette er viktig kunnskap kommunane bruker for å planlegge framtida, seier Haugen.

Her finn du kommunestatistikken for din kommune

– Lag julequiz

Haugen oppfordrar på same tid dei unge til å sjå kva heimkommunen har å tilby dei.

– Dette er jo ein flott sak og for folk som er heime på juleferie. Lag julequiz for eksempel. Det er greit å vere litt interessert i korleis det står til i heimkommunen, avsluttar Haugen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL