Hopp til innhold

UNG Web skal auke valdeltakinga

Møre og Romsdal Fylke håpar at Ungweb.no skal bidra til å auke valdeltakinga.

Valurne
Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Denne ungdomssatsinga blir sentral i eit prosjekt som skal teste ut om valdeltakinga blant dei yngste veljarane aukar ved hjelp av internett.

Uninett ABC og Fornyings- og administrasjonsdepartementet står bak prosjektet.

UNGweb får 500.000 kroner for å utvikle nye nettenester og pedagogiske verkemidlar for å stimulere vallysten til dei unge.

- Vi ser at deltakinga ved skolevala viser dramatisk nedgang dei siste 10 åra, og spør du ungdom om dei er interessert i politikk så svarar mange nei. Men spør du om enkeltsaker så viser det seg at dei er veldig interessert. Så målet vårt er å få til eit opplegg som lærarane kan bruke for å skape engasjement rundt eit tema som ungdom oppfattar som litt vanskeleg, seier Anna Tokle Amundsen, prosjektleiar for Ungweb.no.

Ungweb.no vil starte i det små, og etterkvart gi ein breiare presentasjon av valet til hausten.

- Vi byggjer ut med kart, interaktivitet, mobile tenester og mykje meir. Vi vil sjølvsagt få framheva kva partia går til val på, men også ha med rettleiing i korleis man stemmer, og så vidare. Det er berre starten som går no, seier Amundsen.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL