Hopp til innhold

Blei skadd etter å ha blitt dradd i ein gummibåt etter ein bil

Ein ung mann blei sendt til sjukehus etter at han skal ha blitt dradd i ein gummibåt etter ein bil i Hustadvika kommune.

ULYKKE: Ein ung mann skal natt til søndag ha blitt dradd etter ein bil i ein gummibåt i Hustadvika i Møre og Romsdal.

Politiet i Møre og Romsdal melde om hendinga like før klokka 06.00 natt til søndag.

– Ein ung mann skal ha blitt slept i ein gummibåt etter ein bil på tørt land, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Gummibåten skal ha treft ein stein og personen skal så ha blitt kasta ut av båten.

Vedkomande blei frakta til sjukehus. Gram Franck skal det ikkje vere snakk om alvorlege skader.

– Han fekk seg nokre skrubbsår, seier operasjonsleiaren.

Skal etterforske saka

Politiet blei varsla om hendinga av sjukehuset. Dei kom til staden i etterkant av ulykka. Det er difor uklart kven dei andre involverte er.

Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

– Vi har søkt etter bilen, men den har vi så langt ikkje funne, seier Gram Franck.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga og skal etterforske for å finne ut kva som skjedde.

– Vil dette kunne føre til ein reaksjon for føraren av bilen?

– Det vil etterforskinga vise, seie operasjonsleiaren.

Dei ber også om tips i saka.