NRK Meny

Undersøkjer hjortejakt

Politiet vil no undersøkje om jakt etter hjort på Godøya i Giske søndag var lovleg eller ikkje, skriv Sunnmørsposten. Politiet reiste til Godøya etter tips om skot i nærleiken av eit bustadfelt. Då politiet kom til staden kom dei i kontakt med to jegrar i området. Hendinga var udramatisk ifølgje politiet.