Hopp til innhold

Underlege dyrespor

Kva slags dyr er det som har laga desse spora i snøen, lurer Kirsti og Kristian Almås i Stordal på.

Oterspor
Foto: Kirsti Almås

Dei skriv:

Jolbotnen er ein ca 3 km lang botn om lag 5-600 m.o.h., der ein kan gå over frå Langsætrane i Stordal til Øvstedalen i Tresfjord. Vi gjekk der på skitur til Kleiva og tilbake torsdag 17. april i år. Det er store snømengder i fjellet enno, og vi rekna med at snødjupna på gjennomsnitt kunne ligge på 2 meter. Med desse snømengdene var det meste av steinar og krattskog skjult under snøen, berre her og der var elva open, slik at det var djupe holer ned til ope vatn.

Her i dette landskapet fann vi merkelege dyrespor. Vi er vande med å finne dyrespor etter hare, rev, røyskatt, mår, smågnagarar og ulike fugleartar. Dei dyrespora som vi såg, var i stor grad konsentrerte om desse nemnde vasshola, og gjekk mykje frå det ein holet til det andre og kanskje hadde også dyra gått langs elva under snøen. Det andre særtrekket var slepespor i snøen. Snøen var nokså fast, men det var ikkje skare. Oppå den gamle faste snøen var det eit fint lag med tørr nysnø.

Vi er kjende med at det her i Jolbotnen nyleg vart felt ein hannjerv på lisensjakt. Vi finn det då ikkje utruleg at det kan finnast hojerv med ungar i området. Kan det finnast oter her?

Alv Ottar Folkestad svarer:

Ja, det er ein oter som har laga desse spora. Han følgjer ofte vassdraga heilt frå sjøen, over dalar og ned att på andre sida. Her er det tydeleg at han har kosa seg med å ake på snøen innimellom.

Oterspor i snø
Foto: Kirsti Almås

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL