Hopp til innhold

Ein person omkom etter eksplosjon

Ein person er død etter ein eksplosjon på ein flåte ved eit oppdrettsanlegg. Ulykka skjedde ved Overåneset i Liabygda.

Ulykke skjedde ved Ovråneset, Liabygda.

Ein person omkom som følgje av ein eksplosjon ved eit oppdrettsanlegg.

Foto: Rita Løseth / NYSS

Ein person omkom som følgje av ein eksplosjon på ein flåte ved Liabygda fredag morgon. Politiet fekk melding om ulykka like før klokka 08.30 fredag.

– Det var totalt fire personar til stades då ulykka skjedde, fortel Jens Dahl ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal.

Ein av dei omkom og dei pårørande er varsla. Personane rundt den skadde varsla AMK-sentralen og utførte førstehjelp fram til helsepersonell kom til staden.

– Ambulanse, politi, brann og luftambulanse rykte ut, fortel Dahl.

Den skadde vart stadfesta omkomen på staden.

Flåten er tilknytta oppdrettsanlegget i Liabygda.

Flåten er tilknytt eit oppdrettsanlegg i Liabygda.

Foto: Rita Løseth / NYSS

Fôringsflåte

Odd-Arne Brynjulfsen er innsatsleiar i politiet. Her står han ved Ovråneset i Liabygda.

Innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Flåten er ei fôringsflåte som vert nytta i samband med eit fiskeoppdrett tilknytt Hofsethgruppen. Flåten er 15x30 meter stor og to etasjar høg.

Årsaka til eksplosjonen er ukjent. Krimteknisk personell arbeider no på staden.

– Så snart området er sikra, skal krimteknisk personell starte undersøkingar, seier innsatsleiar Odd Arne Brynjulfsen.

Tek vare på pårørande

Det var under arbeid på flåten at eksplosjonen skjedde.

– Det er heilt forferdeleg, seier Roger Hofseth, leiar i Hofsethgruppen. Han seier at dei er usikre på kva som har skjedd, men at det var i samband med ein tank.

Han seier det viktigaste no er å ta vare på dei pårørande og dei tilsette.

– Vi samarbeider med kriseteam og har sett i gang tiltak. No samlar vi dei tilsette og dei ulike kommunane har sett krisestab, seier Hofseth.

Stoppar arbeidet

Alt arbeid på oppdrettsanlegget er førebels stoppa.

– Vi må ha ein stillstand fram til den etterforskinga som må til er gjort, seier Hofseth.

Hofseth samarbeider tett med naudetatane som er på staden, og gjer det dei kan for å bidra til å handtere situasjonen.

Ein person omkom etter ein eksplosjon på ei flåte ved Ovråneset i Liabygda

Politiet er i gang med etterforsking for å finne årsak til ulykka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Nytt utstyr

Anlegget ulykka skjedde på er ein relativt stor lokalitet med både laks og ørret.

– Alt av merdar og flåten der ulykka skjedde er nytt. Sjølve flåten vart levert for om lag eitt år sidan med tipp topp utstyr og tryggleikssystem, fortel Knut Eilert Røsvik. Han er prosjektdirektør i Hofsethgruppen.

– Vi har høg fokus på tryggleik, HMS og opplæring av tilsette. Fisken i fjorden er viktig, men dei tilsette er langt viktigare, seier han.

Ulykka skal ha skjedd på sjøen på Sunnmøre.