Hopp til innhold

Ulset inn til andreplass på heimebane: – Heilt rått

Nils Erik Ulset har ikkje gitt opp kampen om samanlagdsigeren i verdscupen for funksjonshemma. I dag sikra 31-åringen frå Tingvoll seg ein andreplass i skiskyting på heimebane i Surnadal.

Nils Erik Ulset

Sliten etter målgang, men det heldt til ein andreplass for heimefavoritten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg er kjempefornøgd! Eg hadde ein litt dårleg førsterunde, så eg måtte jobbe meg inn, seier Ulset, framleis andpusten etter målplassering.

Etter ein litt tung førsterunde tok han seg godt inn. Dermed blei det klart at andreplassen var innan rekkevidde.

– Eg såg kor nær eg var, så då bestemte eg meg for at den skulle eg greie.

Nils Erik Ulset

Sliten etter andreplassen. Men Ulset fekk god hjelp av heimepublikumet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Tok du ut alt?

Ja, no var det ikkje meir å gå på, smiler Ulset.

Trur på samanlagsiger

Denne veka møtest verdseliten i langrenn og skiskyting for handikappa i Surnadal. Sjølv i sesongavslutninga er det tett mellom kandidatane om ei topplassering i verdscupen samanlagt. Ulset er ein av favorittane.

– Trua på samanlagsiger er der, heilt klart. Men andreplassen i dag er nok viktig for å ha det innan rekkevidde.

– Heilt rått

Sjølv er Ulset særleg fornøgd med skytinga under løpet. Og ikkje minst er han fornøgd med drahjelpa frå heimepublikummet.

– Det er rett og slett heilt rått! Det er så artig å gå når du høyrer folk heie langs løypa. Det går ikkje an å ikkje ta seg ut når du har slike hjelparar.