Hopp til innhold

Ulovlege jonsokbål kan bli politisak

Politiet og brannvesenet stoppa tysdag kveld tenning av eitt bål i Molde, og fekk sløkt eit anna i Volda. Ingen av dei var lovlege og begge inneheld miljøfarleg avfall.

Jonsokbål i Molde

Det ferdiglaga jonsokbålet i Molde som aldri kjem til å bli tent. Brannvesenet har god oversikt over alle bål som er godkjende for tenning i kveld.

Foto: Molde brann- og redningstjeneste

Brannvesenet og politiet i Volda måtte tysdag kveld rykke ut til eit ulovleg bål i Volda, på grunn av fare for skogbrann. Bålet inneheld ifølgje politiet rivingsavfall, og ein person er mistenkt i saka.

– Reglane er veldig enkle og som regel går det utmerket, men av og til er folk veldig glad i å bli kvitt alt dei har i garasje og loft, seier operatør Stian Jørgesen ved 110-sentralen i Ålesund.

Mange samla rundt ulovleg bål i Molde

Og omtrent samstundes som brannvesen og politi måtte aksjonere i Volda, blei eit område rundt eit bål ved Molde idrettspark sperra av.

– Det var ikkje søkt om løyve til å tenne på bålet, og i materialet fans miljøfarleg avfall, seier Leiv Bergem-Ohr, operasjonsleiar hos Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har sperra av området rundt det ferdiglaga bålet på 2,5 x 6 meter, og ingen får nærme seg for å tenne på.

– Fleire personar var samla for å tenne bålet. Det blei det sjølvsagt ingenting av, og ingen ville heller ta på seg ansvaret for å ha laga det til, seier Bergem-Ohr.

Det som skulle vere ei triveleg stund ved bålet i midt-sommar-natta, blei altså ei heller trasig hending for dei involverte.

100 godkjende bål i Molde

Brannvesenet i Molde møtte fram på staden saman med politiet då det ulovlege bålet blei oppdaga. Brannvesenet er også øvste instans som skal godkjenne bålbrenning.

Frode Drågen Myhre

Korkje brannkorps eller politi vil ta frå gleda over å feire jonsok, men begge instansar åtvarar mot å tenne bål ulovleg, seier Frode Drågen Myhre.

Foto: Molde brann- og redningstjeneste

– Vi har godkjent vel 100 søknader om å få lage jonsokbål i år. Generelt er innbyggarane svært flinke til å halde lovar og reglar som gjeld ved bålbrenning, seier befalsvakt i Molde brann-og redningsteneste, Frode Drågen Myhre.

I bålet som blei oppdaga og aldri tent i Molde i ettermiddag, oppdaga brannvesenet mellom anna ein del behandla materiell. Det dreier seg for det meste om måla fjøler, og slik er ulovleg å sette fyr på, understrekar Drågen Myhre.

Greip inn i går

Sjølv om ulovlege bål høyrer til unnataket, måtte brannvesenet seinast i går rykke ut og sløkkje eit jonsokbål som var ulovleg tent i Molde-området.

Jonsokbål Hellesylt

Tusenvis av jonsokbål er i kveld tent i Møre og Romsdal. Dette vakre synet kunne folk på Hellesylt gle seg over for tre år sidan.

Foto: Sissel Sæten

– Det kan bli ei dyr erfaring på fleire vis. Brannvesenet kan både melde ulovlege bål til politiet, og vi kan sende rekning til dei som står bak, for å få dekt utgiftene våre dersom det er vist ansvarsløyse, seier Drågen Myhre.

Verken brannkorps eller politi har ekstra mannskap i sving jonsoknatta, men seier dei generelt held eit auge med bålbrenninga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL