NRK Meny
Normal

Hugs å gje beskjed om jonsokbålet!

Innan arbeidstidas slutt fredag, må dei som skal tenne sankthansbål ha gitt beskjed til kommunen.

Jonsokfeiring på Kjerstad, Lepsøya

Trass i eit generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september, kan nordmenn tenne opp sankthansbål denne helga. Men då må det meldast inn til kommunen først.

Foto: Harald Kjerstad

– Husk at det skal berre vere reint trevirke i bålet og sløkkeutstyr må vere klart, seier Gunnar Grimsmo Jensen som er leiar for den førebyggande avdelinga hos brannvesenet i Kristiansund.

Ta med bøtte

Det er viktig å merke seg at alle i år skal ha med seg hjelpemiddel til brannsløkking ved bålet. Det kan vere så enkelt som ei bøtte.

– Ho kan vere tom viss det er vatn i nærleiken. Det er berre for å sløkke første delen av ein eventuell brann, for det er då han har sjanse til å spreie seg. forklarar Jensen.

Framleis skogbrannfare

Mange vel å fyre opp bålet i nærleiken av fjord og vatn, og ein skal ikkje vere for nær andre bygningar og vegetasjon. I år må ein også vere litt ekstra merksam på skogbrannfaren.

– Det er kjempebra at det har regna såpass i det siste. Det gjer at skogbrannfaren også minkar, men det skal berre eit lite granne opphald og litt vind til, så tørkar det øvste laget av vissen skogbotn – og det tørkar fort, seier Jensen.

– Det som er nytt i år er at det var så mykje vegetasjon fraus i hel. Det er mykje død lyng og han brenn mykje lettare enn ein skulle tru på denne årstida, avsluttar han.