Hopp til innhold

No kan uføre jobbe så mykje dei vil

Frå 1. januar forsvann reglane som gjorde det vanskeleg for uføre å jobbe meir. Direktør i NAV Møre og Romsdal, Stein Veland, seier dette er noko mange har venta på.

Stein Veland, fylkesdirektør i NAV

Stein Veland er fylkesdirektør i NAV.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Den nye uføretrygda skal gjere det enklare å kombinere arbeid og uføretrygd. Det betyr at ein beheld uføregraden uansett kor mykje ein tener.

– Ein ynskjer at dei som er uføre skal få anledning til å jobbe heilt eller delvis eller så mykje dei er i stand til, seier Stein Veland. Han er direktør i NAV Møre og Romsdal.

Fram til dei nye reglane trådde i kraft 1. januar kunne ein ufør person som jobba, rekna med at uføregraden vart vurdert. No beheld ein uføretrygda, som vert justert ned i takt med kor mykje ein jobbar. Klarer ein ikkje jobbe så mykje som planlagt, kan ein når som helst få tilbake den opphavlege utbetalinga.

– Vi får stadig vekk spørsmål om det går an å jobbe litt meir, og no får dei høve til å jobbe så mykje dei klarer. Samstundes vil dei kome litt betre ut økonomisk, seier Veland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL