Hopp til innhold

Ufin flypassasjer møtt av politiet

Ein mannleg passasjer om bord flyet frå Riga til Ålesund blei pågripe av politiet etter landing på Vigra. Røyking, utidig drikking og manglande manerar var grunnen.

Air Baltic

Air Baltic si rute mellom Riga og Ålesund opplevde ein svært så vanskeleg passasjer fredag ettermiddag.

Foto: Air Baltic

Ankomst frå Riga, med Air Baltic til Ålesund lufthamn Vigra, var klokka 13.50.

Då stod politiet i Ålesund klar på flyplassen.

– Røyka og drakk

Piloten ønskja bistand frå politiet, for om bord i flyet oppførte ein mannleg passasjer frå Aust-Europa seg svært dårleg.

– Han røyka og drakk, og oversåg alle meldingar frå betjeninga om at oppførselen ikkje var lovleg. Han brydde seg ikkje. Det var litt utidig, for å seie det mildt.

Det fortel operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang, til NRK.

Politiet fekk telefon frå flyet og flyplassen i god tid før landing.

Tok hintet

Vel framme på Vigra byrja flypassasjeren å forstå alvoret.

– Han blei pågripe utan dramatikk. Det gjekk heldigvis bra, seier Harang.

Han hadde ikkje truga eller skadd nokon under flyturen, men i etterkant blei han bortvist frå flyplassen.

– Det blir ikkje noko vidare oppfølging frå politiet si side. Han slepp unna med ei kraftig åtvaring.

– Han gjorde som politiet sa, og oppførte seg etter landing. Difor tek vi det ikkje vidare. Air Baltic tek det heller ikkje vidare, har dei fortalt til oss, avsluttar operasjonsleiar Harang.