Hopp til innhold

Tussa kan bli oppspist

Dersom kraftselskapet Tussa sel aksjer, kan det vere første steg på vegen til at selskapet blir oppløyst.

 

Det meiner Bernt Stilluf Karlsen som har vore konsulent for svært mange kommunar i kraftsaker.


Tussa prøver å selje 12, 5 prosent av aksjane sine for å styrke økonomien slik at dei kan betale utbytte til aksjonærane.

Bergenhalvøens Kraftselskap,er rekna som den mest aktuelle kjøparen av Tussa-aksjane.

Bergens-selskapet er også medeigar i Tafjord Kraft, og målet deira på er å samle alle kraftselskapa i eitt stort selskap, seier Bernt Stilluf Karlsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL