Hopp til innhold

Trur MDG vil få framgang – både ved skule- og kommuneval

I dag startar skulevala rundt om på dei vidaregåande skulane i fylket. Aarebrot trur Miljøpartiet De Grønne gjer det godt i skulevala i år.

Frank Aarebrot

FRAMGANG: Valforskaren Frank Aarebrot trur Miljøpartiet de Grønne kjem til å ha framgang ved både skule- og kommuneval i år.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Vallogo

Politikarane har brukt den siste tida til å reise rundt på skulane for å vere med i debattar og utspørjingar. Politikkprofessor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen seier at skulevala gir ein god peikepinn på korleis valresultatet kan bli.

– Parti som går fram i skulevalet går vanlegvis fram også i det vanlege valet. Det same gjeld dei som går tilbake. Det er noko som har vore ein fast trend dei siste åra, seier professoren.

Skulevala startar i dag – nokre har val først i morgon. Valforskar Aarebrot trur at det er nettopp Miljøpartiet de Grønne som vil få ein oppsving under årets skuleval.

– I år er det forventa at MDG kjem til å ha framgang under skulevalet, men også under kommunevalet, seier Aarebrot.

Men han trur framgangen for MDG i skulevalet blir større enn det blir 14. september.