Trippel verdsmeister til Ulsteinvik

Den triple verdsmeisteren på 400 meter innandørs, Pavel Maslak frå Tjekkia, kjem til stemnet Karsten Warholm International i Ulsteinvik 25.januar. Maslak blei verdsmeister både i 2014, 2016 og i 2018. – Ein draum å møte ein slik motstandar, seier Warholm, som likevel går for å vinne løpet, og dessutan forbetre sin eigen norske rekord.

Karsten W på heimebane ein måned før elitestemnet
Foto: Arne Flatin / NRK