Hopp til innhold

Dobbel og trippel norgesmester

Karsten Warholm og Kristine Eikrem Engeset gjorde det svært godt under NM i Stangehallen.

karsten warholm

Karsten Warholm tok sitt første NM-gull for helga i 400 meter i Stangehallen.

Foto: Rune Helle

Karsten Warholm vann to gull under første dag av senior-NM innandørs i Stangehallen. Første gull i 400 meter, der han tok ny norsk juniorrekord, og andre i lengde utan tilløp.

Søndag var andre dag av NM, og Karsten var svolten på meir. I finalen på 60 meter hekk vann 17-åringen med 8,23. Det var berre tiandedelen framfor Jostein Andre Kvikstad frå Bodø.

Deretter vart det sølv i lengde. Gullet rauk i andrehoppet, men Warholm gjorde det svært godt med tre gull og eit sølv i meisterskapet.

Kristine Eikrem Engeset tok dobbelt NM-gull. Laurdag vann Engeset 1500-meter og søndag tok ho gullet i 3000-meter. Ho fekk også bestemannspremie og i tillegg slo ho sin eigen meisterskapsrekord på 9.20.

Engeset skriv på Facebook at ho takkar trenaren sin Frank Evertsen, klubben SK Vidar, vener og familie.

Renate Grimstad tok bronse i 60-meter hekk. Lagvenninna Marte Mjøen Berg vart nummer sju i same øving.

Fleire resultat finn du her.

Kristine Engeset

Kristine Engeset, i midten, var svært fornøgd etter NM i Stangehallen.

Foto: Rune Helle

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL