Hopp til innhold

Treng meir pengar frå Helse Midt-Noreg

Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er alvorleg. No vil direktøren be om utvida kassakreditt frå Helse Midt-Noreg.

Espen Remme ved sykehuset i Molde

Espen Remme var møtte leiinga ved sjukehuset i Molde torsdag.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Underskotet til Helse Møre og Romsdal berre veks. I juni gjekk helseføretaket nesten 16 millionar kroner i minus og i juli vart underskotet 20 millionar kroner. Det samla underskotet hittil i år er på 94,7 millionar kroner. Sjukehusdirektør Espen Remme har no krisemøte med leiinga ved dei fire sjukehusa.

– Vi har overforbrukt over lengre tid, men det er utviklinga som no skjer, som gjer at det er urovekkjande, seier Remme. Grunnen til budsjettsprekken i sommar skuldast i stor grad lønskostnader, og no er det ekstra fokus på å redusere desse kostnadene.

Lån til nytt sjukehus

For å bygge det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, må helseføretaket spare pengar slik at dei kan betale låna dei tar opp. Finansieringa av det nye sjukehuset skal handsamast i Stortinget i haust.

– Vi må ta grep over tid. Det finst ingen annan veg ut av dette, seier Remme.

Treng meir kreditt

Neste veke skal Helse Møre og Romsdal ha styremøte og der føreslår sjukehusdirektør Remme å be Helse Midt-Noreg om å utvide kassakreditten. For 2017 er helseføretaket tildelt ei driftskredittramme på 175 millionar kroner og det blir for lågt når det er brukt meir pengar enn planlagt.

– Vi ber difor Helse Midt-Noreg om auka kreditt. Ramma er sett relativt låg. Når vi brukar meir pengar, må den bli heva, seier økonomidirektør Heidi Nilsen.

Ho seier at dei har ein god dialog med Helse Midt-Noreg rundt problemstillinga.

Tunge investeringar

Ivar Østrem er tilsetterepresentant i Helse Midt-Noreg. Han vil ikkje kommentere om det blir enkelt for Helse Møre og Romsdal å få utvida kredittrammer, før saka er på bordet.

– Helse Midt-Noreg har totalt sett mange store, tunge investeringsprosjekt, så det er ei utfordring, seier Østrem.