Hopp til innhold

Trekte nokre av kuttforslaga

Kuttforslaget som kunne ha ført til nedlegging av kulturhus i distrikta blei trekt av fleirtalspartia under budsjettbehandlinga i kommunestyret i Ålesund i kveld.

Forslaget har skapt reaksjonar. Forslaget om å slå saman administrasjonen på fleire av skulane blei også trekt av Høgre, Frp og Ålesundslista. Dette har møtt mykje motstand. Men innsparinga som dette skulle gi, blir opprettheldt.

Budsjettvedtaket inneber at eigedomsskatten ikkje blir auka slik kommunedirektøren har foreslått. Heimetenestene skal bli konkurranseutsett så snart som mogleg.

Kommunedirektøren i Ålesund har varsla at 2024 blir eit økonomisk svært krevjande år.

Kommunestyret i Ålesund behandler budsjettet for 2024.
Foto: Trond Vestre / NRK