Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter trafikkuhell

Tre bilar var involvert i eit trafikkuhell ved Expert på Løkkemyra i Kristiansund fredag ettermiddag.

Trafikkuhell

Uhellet blei meldt like før klokka 15 og det var ei stund lange køar forbi skadestaden.

Laster Twitter-innhold

Førar og passasjeren i den bakarste bilen vart frakta til Molde sjukehus, medan passasjeren i den andre bilen vart sendt til sjukehuset i Kristiansund. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader, opplyser politiet.

– Dei vart sendt til sjukehuset for nærare kontroll. Alle var bevisste, men bilane vart utsett for eit kraftig trykk og airbagane vart utløyst, seier Korman Garshol, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Klokka 15.30 gjekk trafikken som normalt forbi skadestaden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL