NRK Meny

Tre ferjer i Hareid-Sulesund

Det blir sett inn tre ferjer i sambandet Hareid-Sulesund frå nyttår. Det er klart etter at samferdselsutvalet i Møre og Romsdal behandla saka i dag. I første omgang blir ei reserveferje satt inn, men politikarane vil at det i tillegg skal forhandlast fram ei permanent løysing med tre ferjer og 20 minutts avgang. Terje Mafoss i Maritim foreining på Søre Sunnmøre meiner det er eit skritt i riktig retning.