Hopp til innhold

Trassar byggeforbod

Kommunestyret i Norddal trassar byggeforbodet og godkjenner planane for Muriparken.

Valldal med Murigrandane

Sylte i Valldal - mot Murigrandane og Norddalsfjorden

Foto: Brede Røsjø / NRK

Dermed overser politikarane byggeforbodet og råd frå Fylkesmannen.
- Kommunen kan ikkje leve med byggeforbodet i lengda, seier ordførar Bjørn Inge Ruset.

Muriparken er eit utviklingsprosjekt for Murigrandane i Valldal sentrum. Prosjektet skal markere Norddal som ein helse- og velverekommune. Det er fire delprosjekt i Muriparken:

  1. Valldal Fjordhotell - om sommaren eit turisthotell, resten av året eit helsehotell med vekt på velveretenester.
  2. Storfjord Helsesenter - med legekontor, helsestasjon, rehabiliteringsavdeling og ei rekkje andre tenester som har med helse å gjere. Begge skal ha nært samarbeid med rehabiliteringsinstitusjonen Muritunet.
  3. Vitafjord AS - kursutviklar og -arrangør som skal få fagkonferansar og kurs som har med helse og velvere å gjere til kommunen.
  4. Kulturhuset er planlagt bygt i tilknyting til hotellet. Det skal kunne leigast av hotellet og Vitafjord til større kurs og konferansar.

Stort fleirtal

Kommunen har hatt byggeforbod langs stranda på Murigrandane i to år på grunn av faren for ei flodbølgje dersom det skulle gå eit stort fjellskred i Storfjorden. Samstundes har kommunen arbeidd hardt for å realisere prosjektet Muriparken her nede ved sjøen. Med 19 mot to stemmer gjekk kommunestyret onsdag inn for å byggje Muriparken. Planen krev investeringar for 260 millionar kroner, kommunen skal stå for 55 av dei.

- Lokalpolitisk signal

Ordfører Bjørn Inge Ruset

Bjørn Inge Ruset

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Er dette vedtaket gjort på trass, ordførar Bjørn Inge Ruset?

- Nei, dette vedtaket er knytt til tru på framtida og eit håp om at vi som bur i desse områda skal få utvikle oss vidare, seier Ruset. - Dette er eit klart lokalpolitisk signal om at vi ikkje kan leve med byggeforbodet. No sender vi planane til Fylkesmannen, som framleis vil vere imot dei. Deretter går saka til Miljøverndepartementet. Eg har von om at vi iallfall kan få realitetsvurdert dei der. Det vi kan risikere, er å måtte vente til departementet har ei forskrift på plass. Dette byggeforbodet gjeld jo ikkje berre Muriparken og Norddal kommune, men 10 kommunar ved fjorden heilt ut til Hareid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL