Hopp til innhold

Trassar biskopen og ønskjer presten inderleg velkomen til øyane

Folket i Sandøy ønskjer den lesbiske presten Hanne Marie Pedersen-Eriksen (27) inderleg velkomen. Biskopen vil ikkje, men bygdefolket slår ring om henne.

Ønskjer ny prest hjarteleg velkomen

Dei ønskjer den lesbiske presten Hanne Marie Pedersen-Eriksen velkomen. Frå v.: Solfrid Husøy, Else Marie Marøy, May Britt Johansen, Arnt Solheim, Bodil Søholt, Odd Arve Orten, Inna Terletska og Frank Naas.

Foto: Svein Ove Søholt

Folk i Sandøy talar biskopen midt i mot når dei ønskjer den lesbiske presten Hanne Marie Pedersen-Eriksen hjarteleg velkomen til øyane.

Vi er mange som støttar henne, vi ønskjer inderleg at ho kjem, seier Odd Arve Orten i soknerådet i Sandøy.

I påska skreiv 27-åringen på bloggen sin om korleis det er å vere homofil og søkje jobb som prest.

Massiv støtte

Og no får ho mykje støtte, også blant folk i Sandøy. På facebook strøymer det over av støttefråsegner til den unge kvinna, som onsdag fekk tilbod om jobben som sokneprest i Sandøy. Samtidig blei det klart at biskop Ingeborg Midttømme nektar å ordinere den lesbiske presten. Først sa ho også at ingen andre biskopar kunne ordinere henne, men seint torsdag kveld snudde ho.

Folk i Sandøy syns det er bra.

– Det er såååå bra at ho gjorde det, det står det respekt av. Vi var fullstendig klar over at Ingeborg (Midttømme, biskopen, red.anm.) har dette synet, og det må ho få lov å ha, men det er bra at ho snudde, seier Orten.

Men hadde ho eigentleg noko val?

– Nei, ho kunne vel eigentleg ikkje gjere noko anna. Ho skjønte nok si besøkelsestid, seier han.

Håper og trur at ho kjem

Det var eit samrøystes sokneråd som gjekk inn for Hanne Marie Pedersen-Eriksen som ny prest i Sandøy. Orten seier søknaden hennar gav eit godt inntrykk.

Vi fekk eit flott inntrykk av henne, spesielt viktig er dette at ho ønskjer å arbeide blant barn og unge. Og så er ho ung sjølv også, seier han.

Trur du ho kjem?

Ja, eg både håper det veldig og trur det endå meir, seier han.