Hopp til innhold

Trafikkulykke Vartdalstranda

  • Til legevakt for sjekk

    Ein person blir sendt til legevakt for sjekk etter trafikkulykka på Vartdalstranda. To andre blei kontrollert av helse på staden. Ulykka skjedde då ein lastebil køyrde inn i ein bil bakfrå. – Vi har vurdert det som skjedde og vi har så langt ikkje tatt beslag av førarkortet til lastebilsjåføren. Det blir oppretta ei sak på forholdet, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet. Vegen er no open for normal ferdsel.

  • Trafikkulykke på Festøya

    Politiet melder om ei trafikkulykke på E39 Vartdalstranda på Sunnmøre. Ein lastebil og ein personbil har kollidert og ifølge politiet skal det vere snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Totalt fire personar er involvert i ulykka og skadeomfang er så langt ukjent. Naudetatane er på veg til staden. Det er ein del kø i området som følge av ulykka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL