Hopp til innhold

Trafikkulykke på Ørskogfjellet

  • Ingen alvorleg skadd

    Helse Møre og Romsdal opplyser at ingen av dei som var involverte i trafikkulykka på Ørskogfjellet er alvorleg skadd. Politiet opplyste først at minst ein person skulle ha alvorlege skader. To bilar kolliderte i ei møteulykke og sju personar sat i dei to bilane.

  • Éin alvorleg skadd etter møteulykke

    To personar er flogne med luftambulanse til sjukehus etter møteulykka på E39 på Ørskogfjellet på Sunnmøre. Éin av dei er alvorleg skadd. Dei fem andre involverte i ulukka er frakta til sjukehus i ambulanse. Trafikken blir dirigert manuelt på staden.

  • Sju personar involvert i ulykke

    Det er to bilar med til saman sju personar som er involvert i kollisjonen på Ørskogfjellet. Politiet veit ikkje skadeomfanget. Vegen er stengt, opplyser Statens vegvesen. Det er lange køar på staden.

    Trafikkulykke på Ørskogfjellet
    Foto: Lise Valgermo

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL