Hopp til innhold

Sju personar i bilulykke på Ørskogfjellet

To bilar kolliderte på Ørskogfjellet på E39 i Romsdal søndag ettermiddag. Det sat sju personar i dei to bilane. Ingen er alvorleg skadd.

Trafikulykke på Ørskogfjellet

Sju personar var involvert i møteulykka.

Foto: Lise Valgermo

Politiet fekk melding om møteulykka ved Fremstedalen på Ørskogfjellet klokka 14.40 Det var til saman sju personar i dei to bilane. Alle er ifylgje politiet sendt til sjukehus.

– Vi har fått opplyst at minst ein person skal vere alvorleg skadd. Det er ei kvinne, sa operasjonsleiar John Kåre Flo ved Møre og Romsdal politidistrikt etter at naudetatane var komne fram på staden.

To personar vart frakta til sjukehus med helikopter, medan fleire andre vart køyrt til sjukehus i ambulanse. Helse Møre og Romsdal opplyser til NRK klokka 17.55 at dei har undersøkt fire av personane og ingen av dei er alvorleg skadde.

Vegen var ei stund heilt stengt og det var lange køar, men etterkvart vart trafikken dirigert forbi ulykkesstaden. Like før klokka 18 vart vegen heilt open for trafikk.

NRK sin reporter på staden seier at det er slaps på vegen. Politiet vil ikkje seie noko om kva som kan vere årsaka til ulykka, men har gjort undersøkingar på staden.

Trafikkulykke på Ørskogfjellet

Det er slaps på vegen ved Fremstedalen på Ørskogfjellet.

Foto: Lise Valgermo