NRK Meny

Trafikkulykke i Kristiansund

Ein person er skadd og frakta til sjukehus etter at to mopedar var involvert i ein kollisjon ved eit lysregulert gangfelt på fylkesveg 70 på Nordlandet. Den eine mopeden skal ha køyrd inn i den andre bakfrå. Den andre personen er uskadd, opplyser politiet.